logo.gif
 

Volda Småbåtlag
Postboks 88
6101 Volda
Orgnr. 997 893 999

 

Styreleiar 2021
Frode Opsvik
Telefon: 450 65 503
Epost:
voldasmabatlag@gmail.com

  Volda Småbåtlag  

Årsmøte torsdag 17. februar 2022

Annonse i Møre 22. januar 2022
Annonse i Møre 22. januar 2022

Det blir årsmøte for Volda Småbåtlag torsdag 17. februar 2022 kl. 1900 på Volda turisthotell.

Årsmøtet blir gjennomført som «offentleg arrangement med faste tilviste plassar og munnbindpåbod».

Dersom koronarestriksjonane blir skjerpa slik at det ikkje er lov å arrangere fysisk møte med tilstrekkeleg tal deltakarar, blir årsmøtet gjennomført digitalt. Informasjon om dette blir i så fall gitt på denne heimesida.

Saker som skal handsamast på årsmøtet må vere styret i hende innan 3. februar 2022. Bruk post eller e-post (voldasmabatlag@gmail.com).

Sakliste for årsmøtet (blir oppdatert med sakspapir 4. februar):

  1. Opning, godkjenning, val av møteleiar og referent.
  2. Årsmelding for 2021.
  3. Rekneskap for 2021.
  4. Budsjettforslag 2022.
  5. Fastsetjing av hamneavgift etc.
    1. Styret foreslår å halde avgiftene uendra. Altså: Hamneavgift kr 1000 pr år i fastdel for alle medlemmar, og kr 400 pr breiddemeter båtplass. Pris ved utleige av båtplass kr 25 pr breiddemeter pr månad.
    2. Ny praksis: Når nye medlemmer melder seg inn i Småbåtlaget etter utgangen av mars, er hamneavgifta kr 100 pr månad som står att av innmeldingsåret.
  6. Innkomne saker.
    1. Styret foreslår å gjere følgjande endring i §10 i vedtektene:
      Setninga «Ledig hamneplass skal gjerast kjend for medlemane med oppslag på oppslagstavlene i hamneområda» går ut, og blir erstatta av følgjande to setningar:
      «Ledig hamneplass skal gjerast kjend for medlemmane på heimesida til Småbåtlaget. Medlemmer som står på venteliste for byte eller kjøp av plass vert varsla via e-post eller SMS under føresetnad om at oppdatert kontaktinformasjon er gitt.»
    2. Eventuelt andre innkomne saker.
  1. Val i følgje innstilling frå valnemnda:
    1. styreleiar
    2. styremedlemar og varamedlemar
    3. revisor
    4. vedlikehaldsnemnd
    5. valnemnd

Referat/protokoll frå tidlegare årsmøter

I tabellen nedanfor finn du referat/protokollar frå årsmøter i Volda Småbåtlag.
Når du trykker på lenkene blir referata lasta ned som pdf-dokument i nettlesaren din.

Dokumenta er av ulik sjanger og detaljeringssgrad,
men dei viser kva som er skriftleggjort for ettertida frå desse møta.

Dato Type

Referat

18. mai 2021 Omframt Omframt årsmøte - mai 2021 
25. februar 2021 Vanleg (digitalt)
Årsmøte - 2020
20. februar 2020 Vanleg Årsmøte - 2019
21. februar 2019 Vanleg Årsmøte - 2018
15. februar 2018 Vanleg Årsmøte - 2017
16. februar 2017 Vanleg Årsmøte - 2016
17. februar 2016 Vanleg Årsmøte - 2015
19. februar 2015 Vanleg Årsmøte - 2014
27. februar 2014 Vanleg Årsmøte - 2013
28. november 2013 Omframt Omframt årsmøte - november 2013 
12. august 2013 Omframt Omframt årsmøte - august 2013
14. mars 2013 Omframt Omframt årsmøte - mars 2013
14. februar 2013 Vanleg Årsmøte - 2012
23. februar 2012 Vanleg Årsmøte - 2011

CMS og Design: Osberget