logo.gif
 

Volda Småbåtlag
Postboks 88
6101 Volda
Orgnr. 997 893 999

 

Styreleiar 2021
Frode Opsvik
Telefon: 450 65 503
Epost:
voldasmabatlag@gmail.com

  Volda Småbåtlag  

For båtgjestar

I sentrumshamna i Volda har Volda Småbåtlag 4 gjesteplassar. Desse er merka og lokalisert på midtpiren (markert med grøne prikkar på bildet nedanfor). Utriggarane er 8 meter lange og dei to båsane er 3 meter breie.

Det er tilgang til vatn og straum. Prisen er kr 100,- pr. døgn inkl. straum.

Du kan betale for leige via Vipps til #565645 Volda Småbåtlag eller kontant hos Naustet Grill som ligg på landsida rett overfor innseglinga til hamna.

I tillegg har Volda kommune eiga gjestebrygge ved innseglinga til hamna. Prisen som kommuna tek er kr 150 pr. døgn.

I perioden 1. oktober til 1. april er det mogleg å leige ein av dei fire gjesteplassane til Småbåtlaget for ei lengre periode. Leigeprisen er då kr 1500,- pr. månad + straum. Ta kontakt med styret på e-post voldasmabatlag@gmail.com for avtale.

Webkamera med bilder frå Sentrumshamna.

For tips til kva du kan finne på i Volda, sjå www.turistivolda.no

Informasjon om sentrumsbutikkane finn du her: www.voldaforum.no

Og så kan du finne dette ved å google butikker i Volda.

gjesteplassar_med_kommunale.png

CMS og Design: Osberget