logo_utan_bakgrunn.png
 

Volda Småbåtlag
Postboks 88
6101 Volda
Orgnr. 997 893 999

 

Styreleiar 2022
Frode Opsvik
Telefon: 450 65 503
Epost:
voldasmabatlag@gmail.com

  Volda Småbåtlag  

Fem ledige båtplassar

Dei som står på venteliste for kjøp kan no melde si interesse for desse plassane. Frist for tilbakemelding er søndag 1. mai.

Plassane som er ledige for salg er:
Plass 29b (2,0 meter) i Rotsethamna.
Plass 51 (3,0 meter) i Rotsethamna.
Plass 62 (2,25 meter) i Rotsethamna.
Plass 129 (2,5 meter) i Sentrumshamna.
Plass 233 (3,0 meter) i Sentrumshamna
Pris er 17000,- pr meter pluss 3000,- i transaksjonsgebyr.
Breidda på plassane blir målt brutto frå senter til senter på utriggar/gangbar. Etter gjennomført kjøp er det mulig å sette seg på byteliste for ny/breiare plass dersom du ønsker det. Dette er ein vanleg strategi sidan dei fleste plassane som kjem for salg er smale. Seglbåtar kan ikkje ligge i Rotsethamna.  For meir informasjon, sjå
Gi tilbakemelding om kva plass du ønsker å kjøpe. Dersom fleire av plassane er aktuelle, oppgi prioritert rekkefølge. Dersom fleire er interesserte i same plass, er det den som har lengst ansiennitet på ventelista som får velge plass først.
Vi ber om svar seinast søndag 1. mai.

Faktura er sendt ut med forfall 27. mars 2022

Fakturaer for hamneavgift for 2022, straumforbruk for 2021 og eventuelle dieselfyllingar er sendt ut i dag 13. mars.

Dei som har gitt melding om ønska leveringsmåte får faktura direkte til nettbanken som eFaktura eller som brev i posten.

Faktura til alle andre er sendt pr epost frå adressa Volda Småbåtlag <noreply@via.tripletex.no>. Sjekk spamfilter eller søppelpost om du ikkje har fått fakturaen.

Husk å bruke KID-nummer når du betalar.

Straumforbruk 2021

I perioden 6.-10. januar 2022 las vi av straummålarane til alle båtplassane. Faktura for straumen den enkelte har brukt i 2021 blir sendt ut etter årsmøtet. Følg gjerne med på eigen målarstand slik at du kan kontrollere fakturaen.

Flo og fjøre i Volda oppdatert av Kartverket

CMS og Design: Osberget