Tildeling og overdraging av båtplass
Sjå vedtektene §10 og §11 for reglane som styrer tildeling og overdraging av båtplassar.
Båtplassane i Rotsethamna kan ikkje nyttast til seglbåtar.
Breidda på plassane blir målt frå senter til senter på utrigger/gangbar. Båten din må dermed vere ca 1 meter smalare enn plassbreidda slik at det også er plass til fendere mellom båt og utriggere.
Prosedyre
- Når ein båtplass blir ledig får medlemmane som står på byteliste for ny båtplass tilbod om plassen. Dersom fleire av desse ønsker å overta plassen får den medlemmen med lengst ansiennitet på bytelista tilbodet først. Ved endra breidde er gjeldande pris kr 17000,- pr breiddemeter.
- Dersom ingen på bytelista ønsker å overta plassen går tilbodet vidare til medlemmane som står på venteliste for kjøp av båtplass. Dersom fleire av desse ønsker å kjøpe plassen får den medlemmen med lengst ansiennitet på ventelista tilbodet først. Gjeldande pris er kr 17000,- pr breiddemeter pluss eit transaksjongebyr på kr 3000,-.
- Dersom ingen på ventelista ønsker å kjøpe plassen kan Småbåtlaget leige ut plassen etter gjeldande satsar som er kr 25,- pr breiddemeter pr månad. Leigetakar må vere medlem av Volda Småbåtlag.