Meldingar
Dugnad torsdag 15. juni
Torsdag 15. juni kl 17.00 er det igjen klart for den tradisjonelle dugnaden. Ta med nødvendig utstyr.
Det blir også i år fokus på vask av bryggene og skraping av pontongar. Og på Rotset er det også ein del gras som må slåast, og nokre kjettingar som er modne for utskifting.
Vi håper på fint vêr slik at Lygarbuda og plattingen kan få seg eit strøk med beis.
Støtt Småbåtlaget gjennom grasrotandelen
Dersom du spelar hos Norsk Tipping kan du registrere Volda Småbåtlag som grasrotmottakar, og på denne måten støtte Småbåtlaget økonomisk. Sjå meir om korleis du gjer dette på: https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen/din-mottaker/997893999
Ledige båtplassar
Følgjande båtplassar er ledige for kjøp:
Rotsethamna: plass 29b (2,0 meter endeplass), plass 52 (2,5 meter endeplass), plass 62 (2,25 meter).
Sjå Kjøpe båtplass for informasjon om prosedyra for kjøp, og Båtplassar - Sentrum og Båtplassar - Rotset for meir informasjon om plassane.
No kan du kjøpe båtvimpel
No kan du kjøpe båtvimpel med Småbåtlaget sin logo. Vimplane er laga av polyester decor 205 gram, vrangsydd med snor og rettvendt logo trykt på begge sider. Storleiken er 50 cm x 28 cm, og prisen er kr 375 pr stk.
Send e-post til voldasmabatlag@gmail.com om du ønsker å kjøpe.


Dieselpris frå 13. april 2023
Gjeldande dieselpris er kr 15,25 pr. liter for medlemar og kr 15,75 for andre.
Tidlegare dieselprisar
Frå 15. september 2022: kr 17,75 pr liter.
Frå 27. juli 2022: kr 19,00 pr liter.
Frå 12. april 2022: kr 16,00 pr liter.
Frå 17. desember 2021: kr 12,00 pr liter.
Frå 20. juli 2021: kr 11,50 pr liter.
Frå 19. mai 2021: kr 10,50 pr liter.
Frå 28. desember 2020: kr 9,50 pr liter.
Bruk av dieselanlegget
Medlemar kan få nøkkelbrikke mot eit depositum på kr 250.
Ved tekniske problem kontakt Jarle Paulsen tlf 906 40 951.
Odd Jarle Koppernes (tlf 906 02 437) har ansvar for dieseltanken, og han syter for at det til ei kvar tid er diesel på tanken. MHService leverer farga autodiesel til oss som held norsk bransjestandard, EN590.