
Årsmøter
Årsmøter
Årsmøte for 2022 - torsdag 9. februar 2023
Det var årsmøte for Volda småbåtlag torsdag 9. februar 2023 kl. 19.00 i Berte Kanutte-huset (vesle auditorium) på Høgskulen i Volda. Enkel servering.
Styret foreslo vedtektsendring, sjå sak 4.
Frist for innmelding av saker til årsmøtet var 26. januar 2023.
Sjå protokoll frå møtet lenger nede på denne sida.
Sakliste til årsmøtet 9. februar 2023 (sjå sakspapir nedanfor):
- Opning,
godkjenning, val av møteleiar og referent
- Årsmelding
Styret si årsmelding for 2022 (sjå nedanfor). - Rekneskap
Årsrekneskap og revisjonsmelding for 2022 (sjå nedanfor). - Innkomne
saker
a. Styret har motteke følgjande sak frå ein av medlemane:«Viser til auke av strømpris til 2kr pr kwh. Drift og vedlikehald av strømsøylene er det same om ein bruka lite eller mykje strøm. Dagens ordning med prising og fordeling av kostnader er av den grunn noko urettferdig. Eg vil difor føreslå å auke årsavgift for å dekke vedlikehold og drift av det elektriske anlegget, framfor å auke pris pr kWh langt over gjennomsnittleg straumpris. Vedlikehald og drift av det elektriske anlegget bør likestillast med anna vedlikehald i havna.»
Styret vil på årsmøtet orientere om årsaka til auken av straumprisen, sjå også omtale av dette i årsmeldinga. Vi inviterer deretter til drøfting av korleis straumprisen skal fastsettast. Vedtektene sin §12B bør bli skriven om i tråd med det årsmøtet kjem fram til.
b. Styret foreslår å gjere følgjande endring i §7 i vedtektene:
Setninga
«Under styret sorterer ei Vedlikehaldsnemd med 2 medlemar, ein med båtplass i Volda Hamn, og ein med båtplass i Rotsethamna»
blir endra til:
«Under styret sorterer ei vedlikehaldsnemnd med 4 medlemar, to med båtplass i Volda Hamn, og to med båtplass i Rotsethamna».
c. Styret foreslår å gjere følgjande endring i §10 i vedtektene:
Avsnittet
«Styret kan bestemme bytte av båtplass for einskildmedlemer når dette er nødvendig for å få kabalen med båtplassar til å gå opp. Aktuelle grunnar kan t.d. vere botntilhøve, utriggarlengde, manøvreringsvanskar. Omfordelinga skal gjerast så smidig som råd og om mogleg som frivillig ordning. Kan ein ikkje bli samde, skal styret gjere eit vedtak.»
blir endra til
«Styret kan bestemme bytte av båtplass for einskildmedlemar når dette er nødvendig for å få kabalen med båtplassar til å gå opp. Aktuelle grunnar kan til dømes vere botntilhøve, utriggarlengde, manøvreringsvanskar, eller å kunne legge til rette for ombygging, samanslåing eller breiddeendring av båtplassar. Omfordelinga skal gjerast så smidig som råd og om mogleg som frivillig ordning. Kan ein ikkje bli samde, skal styret gjere eit vedtak.» - Fastsetjing
av hamneavgift etc.
Hamneavgifta vart sist endra i februar 2018. Sidan den tid har konsumprisindeksen auka med 18 %. På bakgrunn av dette, saman med behovet for vedlikehald omtala i årsmeldinga, foreslår styret å auke hamneavgifta med 25 %.
Forslag til nye satsar:
a. Hamneavgift - fastdel: kr 1250 pr år
b. Hamneavgift - breiddedel: kr 500 pr breiddemeter pr år
c. Hamneavgift - innmeldingsåret: kr 125 pr månad
Prisen for framleige av båtplass har stått uendra i over ti år. Denne bør no bli justert relativt mykje slik at utleigar får dekt meir enn eiga hamneavgift.
Forslag til nye leigesatsar:
d. Framleige av båtplass: Maksimum kr 100 pr breiddemeter pr månad
e. Leige av gjesteplass: kr 150 pr døgn. - Budsjett
Styret sitt framlegg til budsjett for 2023 (sjå nedanfor). - Val
Valnemnda sitt framlegg for 2023 (sjå nedanfor).