
Gjestehamn


Gjestehamn
Volda Småbåtlag
har fire gjesteplassar på midtpiren og ein gjesteplass ved fyrlykta i Sentrumshamna (markert med
grøne prikkar på bildet). Utriggarane er 8 meter lange og dei
to båsane er 3 meter breie.
Prisen er kr 150,- pr. døgn inkl. straum. Vatn er tilgjengeleg i perioden april-november (blir stengt ved fare for frost).
Betal ved ankomst via Vipps til #565645 Volda Småbåtlag. Merk med båttype/båtnamn og dato for ankomst og avreise. Dersom det ikkje er mulig å betale med Vipps, kan du be om å få tilsendt faktura ved å sende epost til voldasmabatlag@gmail.com.

Volda kommune har eit servicebygg på moloen. Der kan du mot betaling få tilgang til toalett, dusj, vaskemaskin, etc.
I perioden 1. oktober til 1. april er det mogleg å leige ein av dei fire gjesteplassane til Småbåtlaget for ei lengre periode. Leigeprisen er då kr 1500,- pr. månad + straum. Ta kontakt med styret på e-post voldasmabatlag@gmail.com for avtale.
Webkamera med bilder frå Sentrumshamna.
Alternativ gjestehamn hos Volda kommune
Volda kommune har eiga gjestebrygge ved innseglinga til hamna.
Båtar som er for store for flytebryggene bør bruke den kommunale Allmenningskaia langs Hamnegata. Kontakt Volda kommune for bestilling og betaling av slik kaiplass.
For tips til kva du kan finne på i Volda, sjå www.turistivolda.no
Informasjon om sentrumsbutikkane finn du her: www.voldaforum.no
Og så kan du finne dette ved å google butikker i Volda.