Meldingar
Innkalling til dugnad onsdag 17. juni
Det blir tradisjonell dugnad for medlemmer av Volda Småbåtlag onsdag 17. juni frå
kl. 18.00.
Hovudoppgåva blir også i år vask og stell av sjølve
bryggene i begge hamnene. Altså;
- fjerne groe frå pontongar (ta med skrape/barkespade)
- fjerne groe frå redningsstigar (ta med kost)
- vask av tredekke og metallramme (ta med høgtrykksspylar med terrassevasker og/eller skurekost og bøtte; vi treng 4-5 høgtrykksspylarar i kvar hamn).
Dersom høgtrykk blir brukt, må dette skje så skånsomt at
treverket ikkje blir skada.
Skånsom reingjering av straumsøylene, og eventuelt utskifting av defekte delar, høyrer også med. Likeeins rydding av rusk, rask, tauverk og drivved.
I Rotsethamna blir det også tradisjonell kantslått og
klipping av busker og kratt.
- Ta med kantklipper, rive, hekksaks, hagesaks og trillebår.
- Vi treng også eit par bil-tilhengarar til grass/busker som skal køyrast til VØR seinare i veka.
- Prioritere å spyle tredekket plass 52-65 (denne brygga blei ikkje spylt i fjor)
- Fjerne groe frå pontongar
- Spikre ned spiker på landgangar
- Bytte topp på lyssøyle nærmest innkjøringen (to reserve i Vasshuset)
- Spikre fast hjørnebord på terrasse (sprukket opp)
- Spyle terrassen og trimme vekk hekken
- Reparere/skifte bord på landgangen ved Vasshuset
- Ha på kjetting - sørvisbrygge ved Vasshuset
- Beise opp igjen stativet ved benk oppom Vasshuset
- Skifte to råtne bord i kledninga (villmarkspanel) på Vasshuset
- Vurdere å bytte kjetting på flytebrygga mot sentrum
- Nokon som har el-kompetanse: Tre lys som står på (på dagtid) flytebrygge mot fjorden
Det blir pause med kaffi, enkel servering og prat ved Lygarbuda ca kl 19.30
Ledige båtplassar
Følgjande båtplassar er ledige for tildeling (kjøp):
Rotset hamn: plass 29b (2,00 meter)
Rotset hamn: plass 50 (3,00 meter)
Rotset hamn: plass 52 (2,50 meter)
Sjå Fast båtplass for informasjon om prosedyra for tildeling, og Båtplassar - Sentrum og Båtplassar - Rotset for meir informasjon om plassane.

Støtt Småbåtlaget gjennom grasrotandelen
Dersom du spelar hos Norsk Tipping kan du registrere Volda Småbåtlag som grasrotmottakar, og på denne måten støtte Småbåtlaget økonomisk. Sjå meir om korleis du gjer dette på: https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen/din-mottaker/997893999
Diesel for medlemar
Du må vere medlem for å kunne fylle diesel. Vi har ikkje kortautomat.
All bruk skjer via nøkkelbrikke, og medlemar kan få nøkkelbrikke mot eit depositum på kr 250.
MHService leverer farga autodiesel til oss som held norsk bransjestandard, EN590.
Odd Jarle Koppernes (tlf 906 02 437) syter for at det til ei kvar tid er diesel på tanken.
Gjeldande dieselpris
Frå 3. mars 2026 er gjeldande dieselpris kr 16,00 pr liter for medlemar.
Tidlegare dieselprisar
Frå 7. juli 2025: kr 15,00 pr liter.
Frå 10. april 2025: kr 14,50 pr liter.
Frå 17. oktober 2024: kr 15,50 pr liter.
Frå 11. juli 2024: kr 16,00 pr liter.
Frå 19. oktober 2023: kr 16,75 pr liter.
Frå 1. august 2023: kr 15,00 pr liter.
Frå 13. april 2023: kr 15,25 pr liter.
Frå 15. september 2022: kr 17,75 pr liter.
Frå 27. juli 2022: kr 19,00 pr liter.
Frå 12. april 2022: kr 16,00 pr liter.
Frå 17. desember 2021: kr 12,00 pr liter.
Frå 20. juli 2021: kr 11,50 pr liter.
Frå 19. mai 2021: kr 10,50 pr liter.
Frå 28. desember 2020: kr 9,50 pr liter.


Vil du kjøpe båtvimpel?
No kan du kjøpe båtvimpel med Småbåtlaget sin logo. Vimplane er laga av polyester decor 205 gram, vrangsydd med snor og rettvendt logo trykt på begge sider. Storleiken er 50 cm x 28 cm, og prisen er kr 375 pr stk.
Send e-post til voldasmabatlag@gmail.com om du ønsker å kjøpe.

Webkamera Volda sentrum
På youtubekanalen Voldahjarte kan du sjå live frå Volda sentrum.
Takk til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre
I april 2024 skifta vi ut dei siste utriggarane som hadde flyteelement av ubeskytta isopor i Rotsethamna. Med dette håper vi å hindre plastforureining i hamna og fjorden. Denne investeringa var på over 300 000 kr, medan tilsvarande investering i Volda hamn i juni 2023 var på over 500 000 kr. Det er difor svært gledeleg at Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har støtta denne miljøsaneringa med 75 000 kr. Det kjem godt med.





